Ny super dag i Kollen

28.01.2018 at 23:33

Gratulerer til Guro Femsteinevik som tok nok ein 1.plass i Holmenkollen! Ho skaut 10 treff i dag igjen, og vart då vinnar av K.G. Larsen skytepokal med 20 treff i Kvalfoss-sprinten 2018. Ho vann også samanlagtpokalen i klassen Jenter 14 år. Hedda Singelstad Kåsa klatra også opp på pallen under dagens […]

Guro vann i Holmenkollen

27.01.2018 at 22:39

Gratulerer så mykje til Guro Femsteinevik som vann sin klasse (J14) under dagens Kvalfoss-sprint i Holmenkollen. Ho skaut 2 fulle hus og kom i mål heile 43 sekund før nummer to. Kristoffer Haugse Rød gjorde det også strålande. Han skaut 8 treff og gjekk inn til ein sterk 4.plass i […]

Karusellrenn avlyst 23.januar

23.01.2018 at 15:05

Karusellrenn i dag 23.jan blir avlyst pga mykje vatn og dårlege forhold på Holdhus. Me håper på bedring til neste veke.

Flott helg i Vik

21.01.2018 at 23:47

Denne helga gjekk Gla’laks cup nr. 5 og 6 av stabelen i Vik, og HIL stilte med 25 flinke utøvarar frå 8 til 24 år. Det er sosialt og kjekt å vere på tur med gjengen frå HIL og me takkar alle for ei flott helg! Mange gode HIL-resultat vart […]

Avlyst karusellrenn tysdag 16.januar

16.01.2018 at 14:56

Det er gjort eit forsøk på å kjøra løype på Holdhus utan hell. Me treng fremdeles litt meira snø på Holdhus for å kunna arrangera karusellrenn. Rennet tysdag 16.januar lyt derfor avlysast.

Invitasjonar

15.01.2018 at 20:17

Invitasjon til Gla’laks cup 5 og 6 i Vik 20.-21.januar finn du her: Innbyding Gla_Laks Cup 5 og 6 2018_Vik Invitasjon til LM på Harpefossen, Stårheim 17.-18.februar finn du her: Invitasjon LM Stårheim 2018 Alle invitasjonar ligg også under Arrangement / Invitasjonar.

11 sigrar og 6 diamantar til Hålandsdalen IL

14.01.2018 at 19:35

Det vart ein strålande dag for Hålandsdalen Idrettslag på Sjusete i dag. Heile 34 av utøvarane på Gla’laks cup nr 4 var frå HIL og 11 HIL-utøvarar vann sin klasse. 6 HIL-utøvarar skaut 10 treff og fekk diamant. Gratulerer til vinnarane: Alexander Åsvang Rød (G11), Ingri S Gjelland (J11), Bjørg […]

Siger til Guro, Hedda, Eirik og Maria på Sjusete

13.01.2018 at 20:47

Det var ein flott dag på Sjusete i dag! Kvam arrangerte tredje rennet i Laksecupen, og det var normal som stod på programmet. 4 HIL-arar gjekk heilt til topps; Gratulerer til Guro Femsteinevik (J14), Hedda S Kåsa (J16), Eirik Hjartnes (G16) og Maria H Rød (K17). Maria imponerte med 20 […]

OBS: Påmelding til Liatoppen Tysdag kl 10.00

12.01.2018 at 22:16

Påmeldinga opnar tysdag 16. januar 2018 kl 10.00. Les meir om påmelding til Liatoppen Skiskytterfestival her:  http://liatoppenskiskytterfestival.no/pamelding/viktig_info_for_pamelding/

Treningsplan Vår 2018 Gruppe 13-16 år

10.01.2018 at 00:00

13-16: Plan/oversikt over treningar og renn for våren 2018 finn du her: Kopi av Kopi-av-Treningsplan_EldreRekrutt_Vår_2018_ Dette er eit utgangspunkt, det kan bli endringar, følg med på Spond!  PS: Planen ligg også fast under fana «Trening» / «Gruppe 13-16».