Feilen er retta
No skal e-posten/kvitteringa som de får etter betalt Årsavgift Parkeringskort Bygdastølen vere retta.
No skal e-posten/kvitteringa som de får etter betalt Årsavgift Parkeringskort Bygdastølen vere retta.
Det er førebels feil i eposten som vert sendt ut automatisk til dei som har betalt vegavgift Bygdastølen. Me skal prøve å rette opp i dette så fort som mogeleg. Men til info for dei som vil kjøpe årskort; det er prisane som står under fana Bygdastølen ski og tur […]
KM langrenn på Sjusete i helga; Edvin Øygard (G15) var einaste representant frå HIL. Lørdag gjekk han inn til ein flott tredjeplass på sprint friteknikk. Søndag var det 5 km klassisk. Her klarte Edvin ein fjerdeplass, fattige 3 sek bak pallplass. Bilete frå venstre: Edvin Øygard, Sondre Myking, Marius Flatebø
600 skiskyttarar frå 13-16 år har i helga gått Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen/Oslo. Best av alle gjorde Guro Femsteinevik det. Ho vann både laurdag og søndag, og fekk vandrepokalen for samanlagtsigeren i klassen Jenter 15. Gratulerer! Kristi Skjelbreid Gjelland gjorde det også knallsterkt i Kollen. Søndag knuste ho til med 3.plass! Fantastisk […]
Karusellen er i gong, og tysdag 22.januar var det 89 deltakarar på lysløyperenn på Holdhus. HIL vil arrangere renn kvar tysdag så lenge vèr – og føreforholda tillet det. Sjå meir info om karusellrennet under fana «Karusellrenn 2019» øverst på heimesida. Her er namn og resultat frå Karusellrenn nr 1 […]
Denne helga var det Gla’laks-sprint i Vik laurdag og Gla’laks-normalprogram i Myrkdalen søndag. Sidan Vikafjellet var stengt var det litt færre deltakarar enn normalt, men det var flotte forhold i løypene og det vart gode resultat for HIL-utøvarane. I Vik gjekk Øyvind og Maria heilt til topps, Aleksander, Marcus og […]
Søndag 20.januar: Det er flotte forhold i løypene på Bygdastølen og Holdhus. God skitur!
Det er snø i Hålandsdalen og HIL kan starte karusellrenn på Holdhus tysdag 22.januar. Sjå info om karusellrennet under fana «Karusellrenn 2019» øverst på heimesida http://www.haalandsdalil.no/ OBS: Alle funksjonærar må finne ut når dei skal bidra og kva oppgåvene dykkar går ut på. Les vedlegg «Dugnadsliste» og «Arbeidsoppgåver» grundig! Velkomen til […]
Ragnhild Femsteinevik knuste til og kom på pallen i IBU-cup-sprint i Arber i Tyskland i dag, laurdag 19.januar. HIL gratulerer!
Fredag 18.jan: Både løypa på Holdhus og løypa på Bygdastølen er oppkøyrd no i ettermiddag / kveld. God skitur!