Har du lyst å begynne med skiskyting?

27.08.2017 at 21:12

Hålandsdal Idrettslag startar skiskyttarskule på Holdhus tysdag 5.september kl 18.00-19.00 Føremålet er å gje nye utøvarar og deira føresette innføring/opplæring i skiskyting, spesielt med fokus på sikkerhet rundt bruk av våpen. (Utøvar må alltid ha følgje av ein føresatt på skiskyttartreningane). Det vert skiskyttarskule 5.sept, 12.sept og 19.sept. Etter dette […]

Nydeleg vèr Ottanosi Opp

27.08.2017 at 19:48

I dag var det «Ottanosi Opp» og 66 sprekingar stilte til start. Av dei som stilte i konkurranseklassen var Otto Femsteinevik raskast i år. Han sprang opp på 32 min og 35 sek. Guro Femsteinevik vann kvinneklassen, og med tida 41.45 vart det ny løyperekord for kvinner.  Det var nydeleg […]

Jentesamlinga i Vik vert 8.-10. september

27.08.2017 at 15:10

Vedlagt ligg invitasjon til jentesamling i Vik den 08. -10. september.Jentesamling September 2017   OBS: Denne var fyrst planlagt 01. – 03. september. Søndagen vert det også arrangert instruktørkurs for skiskyttarskule.  Instruktørkurs skiskytterskole Hordaland

Ottanosi Opp 27. august

24.08.2017 at 17:40

Hålandsdal Idrettslag inviterer til ei fantastisk naturoppleving! Bli med på Fusa sitt flotte motbakkeløp / terrengløp 27.august! Sjå invitasjon her: Invitasjon Ottanosi Opp 2017 (1) Starten går frå parkeringsplassen ovanfor Solvang/Heihiller i Hålandsdalen, Fusa Kommune. (Følg skilting frå Holdhus) Start Trimklasse: kl.11.00 Start Konkuranseklasse: kl.12.00 Startkontigent kr. 100,- (Vipps eller kontant) […]

Treningsplan for gruppe 13-16 år

22.08.2017 at 21:58

Treingsplan for 13-16-åringane for hausten 2017 er no lagt ut under TRENING, Skiskyting Gruppe 13-16 år.

Jentesamling i Vik 1.-3.september

22.08.2017 at 21:39

Det blir jentesamling (13-16 år) i Vik 1.-3.setember. Set av helga. Invitasjon kjem om litt.

Velkomen til ny skiskyttarsesong

20.08.2017 at 18:54

Treninga startar opp att i veke 34 og planen for skiskyttergruppene er slik: Gruppe 9-12 år: Kombinasjonstrening på Holdhus kvar onsdag. Ta med våpen, rulleski og joggesko. Trenar: Arnt Ove + ein juniorløpar (liste kjem). Gruppe 13-16 år:  Kombinasjonstrening på Holdhus kvar mandag. Ta med våpen, rulleski og joggesko. Trenar: Arnt Ove. […]

Obs: Sjekk «Min idrett»

20.08.2017 at 17:04

Ber om at alle, både utøvarar og støtteapperatet ellers, går inn på «Min Idrett» og sjekkar sin profil der. Sjekk at alle personalopplysningar under «Min profil» er korrekte, og pass på at Hålandsdal Idrettslag er registrert som din klubb under «medlemskap» (VIKTIG!!!).

Diverse rulleskirenn

13.08.2017 at 17:50

Osterøy IL inviterer til rulleskirenn søndag 20.august, sjå info  her . Viking IL inviterer til rullsekirenn torsdag 24.august, sjå info her .

Minner om skytebaneinstruks

05.06.2017 at 11:14

Vil med dette minne om skytebaneinstruks for Holdhus Skytebane for Skiskyting. Sjå heile instruksen her: Instruks Holdhus skytebane for skiskyting Det er m.a. viktig at ein respekterer banen si brukstid. Søndager og helligdager; skyting berre frå kl 13-18. Laurdagar; frå kl 9-18.