Super samling i Hålandsdalen

02.10.2016 at 17:31

Hålandsdalen Idrettslag arrangerte i helga samling for dei spreke 13-16-åringane i Hordalandkretsen. I løpet av helga har 23 unge skiskyttarar gjennomført 4 gode treningsøkter + terrengløpet Vengsvatnet Rundt. I tillegg til mykje god trening har det vore sosialt og kjekt å bu saman på Holdhus. Der har det bl.a. vore […]

Gode prestasjonar i rulleski-NM i Vik

25.09.2016 at 21:18

I helga var det Rulleski-NM i Vik i Sogn. Laurdag var det sprint og søndag var det jaktstart. Seniorløpa vart sendt på TV2 Sportskanalen, og dei var svært spanande å fylgje med på. Martin Femsteinevik som gjekk ein sterk sprint laurdag (5.plass) gjekk ut berre 23 sekund bak 1.mann på […]

Bli med på Vengsvatnet Rundt 2016!

20.09.2016 at 18:23

Hålandsdal Idrettslag og Hålandsdal Bygdautval inviterer til ny fantastisk naturoppleving! Søndag 02.oktober 2016 i Hålandsdalen. Tur/terreng-løpet går rundt Vengsvatnet i Hålandsdalen delvis på asfalt, skogsveg, sti og grusveg.  Løypa er relativt enkel med samla lengde på ca 8 km. Start  Trimklasse (Uten tid) fra kl 1100 Fellesstart Konkurranseklasser kl 13 […]

Ammunisjon

19.09.2016 at 21:34

Spørsmål vedrørende bestilling av ammunisjon rettes til følgende personer: Gruppe 9-12 år, Arild Rød / 97667845 Gruppe 13-16 år, Randi Haugse Rød / 91641749 Arild, Randi.

Treningsplan for Gruppe 13-16-år

05.09.2016 at 20:58

Treningsplan for 13-16-åringane Hausten 2016 finn du her: Treningsplan EldreRekrutt Haust 2016 Treningsplanen ligg også fast under fana Trening / Skiskyting Gruppe 13-16 år øverst på sida. PS: Gruppe 13-16 år betyr frå 7.klasse til 10.klasse. 🙂

Terminliste for sesongen 2016/2017

05.09.2016 at 20:28

Styret i Hordaland skiskyttarkrets har vedtatt terminliste for sesongen 2016-2017. Terminlista finn du her: Terminliste 2016_2017 HSSK Terminlista ligg også fast under fana Arrangement / Terminliste øverst på heimesida. 30.sept-02. oktober skal det arrangerast kretssamling for 13-16 år i Hålandsdalen, og 16.-18. desember arrangerer Fana den årlige snøsamlingen for 13-16 år […]

Kretssamling for J/G 13-16 år i Hålandsdalen

04.09.2016 at 22:56

Hålandsdal Idrettslag og HSSK ynskjer velkomen til kretssamling for jenter og gutar frå 7.-10. klasse frå 30.september til 02.oktober. Sjå Invitasjon og Treningsplan for samlinga her: Kretssamling_sept-2016_Hålandsdalen Samlinga vert avslutta med «Vengsvatnet rundt». Meir informasjon om dette løpet kjem seinare.

Resultat Ottanosi Opp

24.08.2016 at 20:36

Søndag 21.august stilte 55 sprekingar til start i Ottanosi Opp, eit motbakkeløp frå parkeringsplassen ved Heihiller til toppen av Ottanosi. Av dei 21 som stilte i konkurranseklassen var Bjarte Solvang aller raskast. Han vann med tida 28,41, ei veldig bra tid! Gratulerer så mykje! Resultatliste konkurranseklasse: Resultatliste Konkurranse Ottanosi Opp 2016 […]

Skiskytterskulen 2016

24.08.2016 at 20:00

Hålandsdal Idrettslag vil no starte opp med skiskyttarskule for alle som ynskjer å starte med skiskyting. Føremålet er å gi ei innføring i skiskyting, spesielt med fokus på sikkerhet rundt bruk av våpen. Påmelding på e-post innan 25. august til Andrè@byggadmin.no For meir informasjon ta kontakt på mobil: 95042104. Det […]

Trening gruppe 13-16 år Haust 2016

17.08.2016 at 22:08

Måndag 22.august startar skiskyttartreningane opp att for 13-16-åringane (7.-kl – 10.kl). Det vert trening måndag, onsdag og fredag kl 18.00-19.30. Planen førebels er: Måndag: rulleski og våpen på Holdhus, Onsdag: joggesko, møt på parkeringsplassen ved Heihiller kl 18.00, Fredag: rulleski og våpen på Holdhus (mest fokus på skyting). Dersom planen […]