Gode Norgescupløp i Orkdal

04.01.2015 at 20:25

Martin Femsteinevik skaut berre ein bom i dag, og gjekk inn til 4.plass på sprinten i Norgescupen for juniorar i dag. Han går i klassen Menn 20-21 år. Heidi Berlandstveit, som går Norgescup for seniorar, skaut også 9 treff. Det heldt til ein flott 2.plass i klassen Kvinner Senior. Gratulerer […]

Juniorcup i Orkdal

03.01.2015 at 20:27

Det var ruskete forhold under fellesstarten i Juniorcupen i dag. Ragnhild Femsteinevik og Ingvild Berlandstveit i klassen Kvinner 20-21 klarde likevel å gå flotte løp og kom inn på høvesvis 6. og 8.plass. For alle resultat sjå arrangøren si heimeside: http://www.orkdal-il.no/norgescup-2015 . I morgon er det sprint og nye mogelegheiter. Heia HIL!

Kristi, Otto, Katarina og Erlend på 1.plass i Myrkdalen

30.12.2014 at 10:56

Søndag 28.desember var det tid for det andre rennet i Sport 1-cupen denne sesongen. Utøvarane frå HIL gjorde det svært bra. Kristi Gjelland, Otto Femsteinevik, Katarina Aarseth og Erlend Solvang klatra heilt til topps på seierspallen. Guro Femsteinevik, Kristoffer Haugse Rød, Emma Poiree, Maria Haugse Rød og Martin Dale kom […]

Jularenn på Bygdastølen 2.juledag

25.12.2014 at 21:20

Hålandsdal Idrettslag arrangerer Jularenn for dei minste på Bygdastølen 2.juledag. Påmelding frå kl 11.30. Start frå kl. 12.00. Me oppfordrer barn og vaksne til å ta med varm drikke og litt mat og nyte dagen på ski og i skileik i fantastiske omgjevnader. Bilda under er teke på vakre Bygdastølen […]

Oppdatert løypemelding på Bygdastølen

22.12.2014 at 23:09

Så sant vèrforholda er slik at det er mulig å køyra løyper (ikkje for mykje regn), vil løypene bli preparert til kl. 10.00 no i jula. Det vil vere lys i løypene kvardagar, dvs 22. og 23, samt 29.og 30.desember frå kl 18.00-21.30. Høgtidsdagar og helger satsar me på at […]

Oppdatert terminliste

16.12.2014 at 18:39

Sjå oppdatert terminliste her: 

Invitasjon til skiskyttarrenn i romjula

16.12.2014 at 18:38

Sjå her for invitasjonar til Sprintrenn i Vik og Sport 1 cup i Myrkdalen:

Flotte løyper på Bygdastølen

16.12.2014 at 08:32

Det er masse snø og fine løyper på Bygdastølen. Løypa vert køyrd kvar dag, og lyset er på frå 18.00-21.30. Her må du nytta sjansen å koma deg ut på ski! Bilde er teke mandag 15.desember kl 18.30

Siger til Martin, Erlend, Otto og Guro

15.12.2014 at 08:41

Då var endeleg Sport 1 cupen i gang! HIL stilte med heile 34 utøvarar i Myrkdalen søndag 14.desember. Det var 126 deltakarar totalt i rennet. Hålandsdalen gjorde ein solid innsats. Martin Dale, Erlend Solvang, Otto Femsteinevik og Guro Femsteinevik vann sine klassar. Solveig Gjøen, Emma Poiree, Hedda Kåsa, Eirik Hjartnes, […]

Julestemning på Bygdastølen

13.12.2014 at 21:58

Mykje snø og fine forhold på Bygdastølen i dag! Me trur og håper at løypene kjem til å halda ei stund, så det er berre å finna fram skia! Det vert lys i alle løypene frå kl 18.00- 21.30 mandag til fredag. Bilda er teke i dag, laurdag 13.desember.