Kretssamling 13-16 år, 26.-28.sept.
Vedlagt finn du invitasjon og treningsplan for samlinga i Hålandsdalen;
Vedlagt finn du invitasjon og treningsplan for samlinga i Hålandsdalen;
Det er god stemning og mange spreke folk på treningane no for tida! Her ser de 13-16-åringane på tur til Øykjafjellet på onsdag. Dei trenar mandag, onsdag og fredag (sjå treningsplan under Trening, 13-16år øverst på sida). 10-12-åringane er også godt i gong med haustsesongen. Dei trenar kombinasjonstrening kvar onsdag […]
Me gratulerer Bjarte Solvang (Hålandsdalen) og Une Kvelvane (Voss) som vinnarar av Ottanosi Duathlon 2014. I tillegg til å vere fyrste mann og kvinne på toppen, vann dei også sykkeldelen av den tøffe konkurransen. Totalt 70 utøvarar var med i dei ulike klassane. Her er resultatlista: Duathlon 2014 resultat Det var […]
Då er treninga i gang igjen for 13-16-åringane og treningsplanen for hausten finn du her: Treningsplan_EldreRekrutt_Haust_2014
Søndag 24.august 2014 inviterer Hålandsdal Idrettslag til ny fantastisk naturoppleving. Sjå plakat for sykkel – og terrengløpet Ottanosi Duathlon her Ottanosi Duathlon 2014 plakat
HIL inviterer til Årsfest onsdag 7. mai klokka 18.00 i gymsalen på Holdhus. Det vert lysbilder, presentasjon av utøvarar, underhaldning, mat m.m. Det vert korgafest dvs alle tar med seg litt mat. HIL skaffar drikke. PS: Send blinkskot frå sesongen (utøvarar + støtteapparat m.m.) på e-post til karihjartnes@gmail.com
Dugnad onsdag 30. april kl 18.00. Vi må: Vedlikehalde sjølvanvisere, tømme bly, bytte gummi mm. Rydde, rydde før 17.mai. Fullføre gjerde rundt ny løype.
Gratulerer så mykje til søskenparet Ragnhild og Martin Femsteinevik med plass på juniorlandslaget!
4.-6.april var det sesongavslutning for 9-16-åringane på Liatoppen i Ål. Det var 1100 deltakarar på verdas største skiskyttarrenn i år. Det var opningshow og premieseremoniar og mange blide born på ski. HIL stilte med 25 utøvarar. Alle gjorde ein flott innsats. Som døme på flotte resultat kan me nemna Otto […]
Onsdag 2.april var nesten 40 born på trening og testløp på Holdhus. Til tross for vinter med lite snø har denne fantastiske gjengen stilt på skiskyttartreningar gjennom heile sesongen. No er sesongen snart ferdig, og det var spennande stafettar, medaljar og vafler på treninga. Innsatsen var stor og humøret på […]