Karusellrenn avlyst 10.mars
Det er ikkje snø på Holdhus og me kan derfor ikkje arrangere karusellrenn i dag heller. HIL
Det er ikkje snø på Holdhus og me kan derfor ikkje arrangere karusellrenn i dag heller. HIL
I helga har det vore NM for junior og NC for senior i Folldal i Østerdalen. Gratulerer til Ragnhild Femsteinevik som vann sprinten og kom på 3.plass på fellesstarten! Gratulerer også til Martin Femsteinevik som kom på 3.plass på sprinten. Junioren Maria Haugse Rød skaut feilfritt på alle fire skytingane […]
Det er litt for lite snø, og altfor bløtt i løypene på Holdhus til å kunna arrangere karusellrenn i morgon, så me må dessverre avlyse morgondagens renn. Me kryssar fingrane og håper på litt meir snø og betre forhold neste tysdag. HIL
Karidalen/Østre Toten: Fem 15-og 16 åringar frå HIL gjorde flotte løp på hovedlandsrennet i helga. Gratulerer med 2.plass til Guro Femsteinevik og med 7.plass til Kristoffer Haugse Rød på normalprogrammet fredag! Det er sterkt med slike flotte plasseringar i eit så stort renn! (over 90 løparar i guteklassane og over […]
Karusellrenn 2020 starter tysdag 3.mars. Hålandsdal Idrettslag arrangerer skirenn i lysløypa på Holdhus kvar tysdag når vèr-og føreforholda tillèt det. Påmelding frå kl 17.30 til kl 18.15. Start kl 18.30. Renn kan bli avlyst på kort varsel. Ei avlysning vil bli varsla på heimesida. Følg med! Løypelengder: Frå 0 år […]
Vinteren er her og det er flotte forhold på Bygdastølen ski-og tursenter. Løypene er preparert og sola titter fram. Ha ein fin dag i snøen! Følg gjerne med på oppdatert info om løypekøyring på : https://loyper.net/#haalandsdalen
Vinterferie på Bygdastølen! ?? Anbefaler å bære skia frå parkeringsplassen til grinda. Elles fine forhold! ❄?
Til tross for ødelagte løyper i Hålandsdalen vart det Gla’laks-sprint i helga! I Voss ski-og tursenter var det flotte forhold og saman klarde ein å gjennomføre eit flott renn. Her ser de plasseringa til HIL-løparane: Heile resultatlista finn du på eqtiming: https://www.eqtiming.no/
Dei ekstreme vannmengdene som har kome ned etter lunsj i dag har ødelagt løypene på Bygdastølen. HIL har dessverre måtte avlyse begge renna!!
Ny og redigert invitasjon til renna 22.-23.febr finn du her: Innbyding Gla’Laks Cup5 og KM NORMAL-Gla`Laks Cup6 – 2020