Guro til topps på Liatoppen
32 glade utøvarar frå HIL var i helga på sesongens siste skiskyttarrenn. Gratulerer så mykje til Guro Femsteinevik (J 11år) som klarde å vinne sin klasse begge dagane. Ho skaut 9 treff på laurdag og 10 treff på søndag og gjekk som ein vind. Søndag gjekk Kristi Skjelbreid Gjelland, som går i same klasse, inn til ein flott 4.plass. Anders Rød (G 11 år) gjekk også strålande og gjekk inn til 4.plass laurdag og 8.plass søndag. Det var også veldig mange andre flotte løp av HIL-utøvarane. Dei er kjempespreke! Alle resultat finn de her:
Stafettar fredag: http://www.emit.biz/races/2015.04.10/Larsenstafetten_2015/stafres/index.htm
Nybegynnarar fredag: http://www.emit.biz/races/2015.04.10/Bendit_Liatoppen_2015__fredag/resultat/20.HTM
Normal og sprint laurdag: http://www.emit.biz/races/2015.04.11/Bendit_Liatoppen_2015__lOErdag/resultat/index.htm
Normal og fellesstart søndag: http://www.emit.biz/races/2015.04.12/Bendit_Liatoppen_2015__sOEndag/resultat/index.htm