Bjarte og Pernille vann Ottanosi Duathlon
Det var til saman 72 spreke deltakarar på årets utgåve av Ottanosi Duathlon. Raskast av alle var hålandsdølen Bjarte Solvang som brukte kun 59 minutt og 35 sekund frå Eikelandsosen til toppen av Ottanosi. Raskast i dameklassen var Pernille Iden frå Åsane Sykkelklubb. Ho vann med tida 1:15:24. Gratulerer så mykje til vinnarane! For alle resultat sjå vedlegg: Duathlon 2015 resultat
Hålandsdal Idrettslag takkar alle som deltok og alle som var med å arrangere!
Deltakarane var spreke og blide, til tross for regn og vind på toppen.
Bjarte Solvang og Pernille Iden vann både sykkeldelen og for beste totaltid.