Mange gode løp på Bardufoss
I Hovedlandsrennet for 15- og 16 åringane på Bardufoss var det sprint som stod på programmet laurdag 2.april. Erlend Solvang gjorde det veldig bra i klassen gutar 16 år. Han skaut 8 treff og vart nr. 12 av i alt 104 løparar i denne klassen.
Søndag 3.april var det stafettar og HIL-løparane gjorde veldig bra etappar. Maria Haugse Rød gjekk på Hordaland sitt lag for Jenter 15 år og desse spreke jentene gjekk inn til ein flott 5.plass.
På Hordaland sitt lag for Gutar 15-16 år gjekk Håvard Bjørndal ein veldig bra etappe, han slapp strafferundar og gjekk laget opp heile 7 plassar. Til slutt enda laget deira på 13.plass av i alt 23 lag. Otto Femsteinevik gjekk på eit mix-lag med 2 løparar frå Hordaland og 2 løparar frå Agder. Dei gjekk heilt til topps i denne klassen. Gratulerer med gode løp og vel gjennomført HL! For meir info om resultat og anna sjå http://www.hl2016.no/
Hordaland skiskyttarkrets sine deltalkarar i HL i Bardufoss
Erlend Solvang klarde 12.plassen i klassen Gutar 16 år under sprinten laurdag.
Maria Haugse Rød gjekk på stafettlag saman med Hanna Børve frå Kvam og Ragna Kolve frå Voss. Dei kom på ein sterk 5.plass.
Håvard Bjørndal skaut 2 fulle hus under stafetten søndag, og gjekk laget sitt opp 7 plassar.
Otto Femsteinevik sitt lag Mix-lag Agder/Hordaland G15-16 år vann sin klasse.
Laurdag kom Otto på 26.plass på sprinten
Laurdag kveld var det premieutdeling og kakebord.
Støtteapparatet 🙂