Flotte HIL-prestasjonar i Kollen
Denne helga er det Kvalfoss-sprinten i Oslo og 13-16-åringar frå heile landet har gått sprint i Holmenkollen i dag. Og HIL har gjort det veldig bra! Guro Femsteinevik kapra 3.plassen i klassen J13. Hedda S Kåsa (J15) og Eirik Hjartnes (G15) kom på sterke 4.plassar i sine klassar. Kristi S Gjelland kom på 10.plass i klassen J13. Øyvind H Halvorsen kom på 12.plass i G15-klassen. I klassen Gutar 13 år kom Kristoffer H Rød på 16.plass og Anders Rød på 18.plass og Maria H Rød sikra seg 18.plassen i klassen Jenter 16. HIL hadde dermed 8 utøvarar som plasserte seg blant dei 20 beste i klassen sin i dag. Det er sterkt med tanke på at klassane har opp mot 100 deltakarar. Og farten i sporet var stor for alle dei 10 HIL-utøvarane som var med på dagens sprint. Otto Femsteinevik suste inn til 40.plass i klassen gutar 16 år og Stine H Halvorsen kom på 46.plass i klassen J13 år. For meir info og alle resultat sjå http://www.kvalfoss-sprinten.no/ og følg gjerne med på normalprogrammet i morgon.
4.plass til Eirik, 3.plass til Guro, 4.plass til Hedda og 12.plass til Øyvind. Hurra!
Kristoffer og Anders gjorde det veldig bra! Heiagjeng hjelper!
Kristi gjekk raskt! Ho klarde 10.plass. Strålande!
Maria skaut 9 treff og kom på 18.plass.
Det er stas med skiskyttarrenn i Holmenkollen. Eirik og Maria skaut 9 treff laurdag. Hedda klarte 10 treff. Bravo!