4.plass til Ingvild i Norges-cup i Os
I helga har det vore Norgescup for junior og senior i Os i Østerdalen. På sprinten fredag var det Ingvild Berlandstveit som gjorde det best av løparane frå HIL. Då skaut ho 2 fulle hus og kom på ein sterk 4.plass i klassen Kvinner Senior, berre 2 sekund frå 3.plassen. Ragnhild Femsteinevik kom på 9.plass i same klasse. Bjarte Solvang klarde 8.plassen i klassen Menn Senior med skyteresultatet 1-1.
I juniorklassen Kvinner og Menn 17 kom Katarina Aarseth på 23.plass og Erlend Solvang på 32.plass. Laurdag var det fellesstart. God innsats også denne dagen, men pga litt mange bom vart det ikkje noko topp-plasseringar på HIL-utøvarane. Sjå alle resultat frå Os her