Flotte løyper på Bygdastølen

06.01.2018 at 11:47

Det er fine vinterdagar og flotte forhold på Bygdastølen. Du kan sjekke når løypene vart preparert sist på loyper.net https://loyper.net/ . Passar det med ein skitur om kvelden kan lysa setjast på manuelt med brytar ved starten av løypa og oppe ved stadion. Lysa slår seg automatisk av kl 21.30.

God tur!

cropped-mobilfebr13-729.jpg

PS: Du kan kjøpe årskort på vegen via heimesida, eller betale for enkeltturar med kontant/vipps på Solvang.

Det var mykje folk og god stemning på Bygdastølen laurdag 6.januar: