Liatoppen Skiskytterfestival er i gang
Verdens største skiskyttarrenn er i gang på Liatoppen, Ål. Her er over 1100 unge skiskyttarar frå 8 til 16 år påmeldt. Fredag var det stafettar for 11 – til 16 -åringane. Nybegynnarane gjekk normalprogram. Det var nydelege forhold; sol, vindstille og flotte løyper. Stafettane var spennande å sjå på og HIL-utøvarane gjorde gode etappar/stafettar. Sjå alle resultat frå stafettane her: her
Vil du ha meir informasjon om Liatoppen Skiskytterfestival, sjå her
Stor stas å møte skiskyttarstjerna Tarjei Bø:
Eirik Hjartnes veksla fyrst etter solid fyrsteetappe i stafett for Gutar 13-16:
Stafettlaget HIL gutar 11-12 år: Alexander, Markus og Andreas:
Heiagjengen til HIL er alltid på plass: