Rekruttsamling

12.01.2025 at 15:50

I helga har 13-16 åringane hatt skisamling i Hålandsdalen. Basen har vore gamle barnehagen på Holdhus, no det nye klubbhuset! Her har ein overnatta på madrasser, og hatt ei kjekk og sosial helg! Fire fra 9-12 årsklassen har hospitert på samlinga.

Øktene var som følger: laurdag hardøkt kombinasjonstrening, etterfulgt av å arrangere karusellrenn, før ein avslutta dagen med skileikkombinasjon (og pizza sjølvsagt til kvelds!) Søndagen var kombinasjonstrening på Bygdastølen (bildene under), før ein avslutta med styrketrening i gymsalen på ettermiddagen.

Heidi Berlandstveit har vore trenar og lært frå seg både ski og skyteteknikk, takk for laget!