Popular Tags:

Fellestreningane startar opp att

16.08.2015 at 11:46

Frå og med veke 34 er skiskyttartreninga i gong att. 7.-10 klasse startar mandag 17.august kl 18.00 med kombinasjonstrening rulleski/skyting. For denne gruppa vert det trening kvar mandag, onsdag og fredag kl 18. Den yngste gruppa (4.-6.trinn) startar treninga att onsdag 19.august kl 18.00. Dei vil ha fast treningsdag på […]

Ny skytebaneinstruks

21.06.2015 at 01:49

Instruksen for Holdhus skytebane finn du her: Instruks Holdhus skytebane for skiskyting VIKTIG INFORMASJON TIL ALLE SOM BRUKER SKYTEBANEN PÅ HOLDHUS!

På onsdag er det årsfest!

13.04.2015 at 17:24

Hil inviterer til årsfest onsdag 15. april i gymsalen på Holdhus oppvekstsenter klokka 18.00. Alle tar med litt mat. HIL stiller med saft og kaffe. Hugs at kvar familie tar med ein premie som vi bruker til lotteri på slutten av festen.

Guro til topps på Liatoppen

12.04.2015 at 22:33

32 glade utøvarar frå HIL var i helga på sesongens siste skiskyttarrenn. Gratulerer så mykje til Guro Femsteinevik (J 11år) som klarde å vinne sin klasse begge dagane. Ho skaut 9 treff på laurdag og 10 treff på søndag og gjekk som ein vind. Søndag gjekk Kristi Skjelbreid Gjelland, som […]

Nydeleg påske i Hålandsdalen

05.04.2015 at 22:59

Det har vore strålande vèr og flotte forhold på Bygdastølen og i fjella i Hålandsdalen denne påsken. Sjå bilete frå påske 2015 her:

Stafettsølv til Hordaland

29.03.2015 at 21:32

Under skiskyttar-NM i Sirdal i dag kom Hordaland sitt fyrste lag på 2.plass på stafetten. Gratulerer så mykje til Bjarte Mørkve (Eldar), Thomas Fenne (Voss), Bjarte Solvang (HIL) og Erling Aalvik (Kvam) med fantastisk gode stafettetappar. Vinnerlaget besto av Emil Hegle Svendsen, Tommy Grøtte, Syver Nygård og Andreas Dahlø Wærnes fra […]

Kongepokal til Bjarte

27.03.2015 at 20:40

Gratulerer så mykje til Bjarte Solvang som gjekk inn til gull på sprinten i skiskytter-NM i Sirdal i dag. Bjarte fekk kongepokal for denne flotte prestasjonen. Ein flott dag for Bjarte og alle oss i HIL og Fusa som er så interessert i skiskyting. Sjå norgesmeister Bjarte i NRK-sending her:   […]

3 cup-vinnarar frå HIL

25.03.2015 at 20:02

Gratulerer så mykje til Katarina Aarseth (J 15), Erlend Solvang (G15) og Otto Femsteinveik (G14) som vart samanlagtvinnarar i Sport 1-cupen denne vinteren. Dei har alle hatt ein svært god sesong og vann klassen sin med god margin. Ingrid Hansen (J 13) , Eirik Hjartnes (G 13) og Martin Dale […]

Sport 1 cup nr. 10

25.03.2015 at 19:51

Laurdag 21.mars gjekk det siste lokale rennet denne vinteren av stabelen. Det var normalprogram i Herresåsen på Voss og det 10.rennet i Sport 1-cupen. Gratulerer så mykje til Kristi Skjelbreid Gjelland (J 11), Øyvind Halvorsen (G 13) og Ingrid Hansen (J 13), som vann sine klassar. For alle resultat følg […]

Årsmøte HIL

22.03.2015 at 22:51

Hugs årsmøte i HIL  mandag 23.mars kl 20.00 på Holdhus Oppvekstsenter.