Popular Tags:

Thomas og Hilde vann Ottanosa Duathlon

18.08.2013 at 20:11

Det var tøffe forhold under Ottanosi Duathlon i dag, men totalt 56 tøffingar deltok. I konkurranseklassane var det Thomas Netland og Hilde Fenne som greidde beste tid. På grunn av skodde og dårleg sikt, vart målgang på toppen av Vindastegen. Sjå elles deltakar og resultatliste under Les meir   

Skiskyttartrening Haust 2013

14.08.2013 at 22:45

Skiskyttartreninga for Gruppa 9-12 år og Gruppa13-16 år er starta igjen for sesongen. Treningsplanar finn du under mappa for trening øverst på sida.    

Velkomen til HIL si nye nettside!

01.07.2013 at 00:37

Frå og med Juli 2013 vil dette vere den nye heimesida til HIL Me vil legge ut viktig info og nyhende. Håper du vil like sida vår! Abonnèr gjerne på nyhende frå HIL-sida, sjå nederst på menyen til høgre!

Ottanosi Duathlon 2013

24.06.2013 at 19:44

Hålandsdal Idrettslag inviterer til Ottanosa Duathlon søndag 18.8. Ottanosa Duathlon er eit sykkelritt-/terrengløp med start i Eikelandsosen og med målgang på toppen av Ottanosa. Sykkelrittet går frå Fjord’n Senter til parkeringsplassen ovanfor Heihiller. Terrengløpet går frå parkeringsplassen og opp til toppen av Ottanosa. Det er og ein versjon med start […]